FRITIO-OPNING MED TRØKK
Torsdag 15. mars vart Fritio 2007 opna. Kola vart tent på Fjellheim, der skal ho loga til Fritio 2007 er over søndag 25. mars. Os Musikkforening spelte Fritio-fanfaren, og Åsmund Lien gav eit attersyn over Fritio sin historie. Deretter heldt Glenn Erik Haugland opningstale. I ei tid då fritida er utsett for stort press frå kommersielle interesser, minna han om kor viktig det er å bruka dei skapande evnene alle har, gjennom song og musikk, med pensel eller på andre måtar. Slike fritidssyslar verkar utviklande og kontaktskapande, det gjer neppe den elektroniske spel- og TV-industrien. Glenn Erik fortalde også at hans debut som musikar på scenen, var som 17-åring under Fritio. Kanskje dette var det første som gav han trua på at han hadde ei framtid innan musikken? Etter at han så hadde erklært Fritio 2007 for opna, var
det klart for første arrangement, soul-konsert ved noverande og tidlegare medlemer av Os og Kuventræ skulekorps. Songsolistar var osingane Gina Aspenes og Eirik Strønen Søfteland. Repertoaret var tatt frå filmen ”The Commitments” frå 1991, som handlar om ”The Hardest Working Band In The World”. Både band og solistar imponerte – her var det ikkje noko ompa-ompa. Beat og presisjon var av høg klasse, det var vanskeleg å fatta at det var berre amatørar på scenen, mange av dei svært unge. Stor og velfortent applaus – og sjølvsagt ekstranummer.
Kunstutstillinga ”Visst skal våren komme” i Os kyrkje vart opna samstundes. Her blir det vist kunst i stort format i det gamle og vakre kyrkjerommet. Utstillinga, som er ei salsutstilling, er open kvar dag under Fritio; og det blir levande musikk kvar kveld kl. 19-20.